Hintslepp #3 i maikonkurransa

Publisert: 14. mai 2026
Maihint3

I dag får du hint 7, 8 og 9 til mai-konkurransa. Klarer du plassere Marianne riktig utifrå dei, får du to lodd i trekninga!

🎱 Hintslepp nr. 3 😎
Spørsmålet er det same: kvar stod Marianne då ho tok bildet?

Nye hint, 14. mai:
- Marianne gjekk gjennom eit stølslag som har same namn som eit stølslag i Øystre Slidre
- det går stikka skiløype ikkje langt unna
- nærmaste bilveg er stengt med bom

Hint 7. mai
- startpunktet for turen har vore eit knutepunkt for turistar sidan 1897 og ligg i Vang
- Marianne stod 800 m frå nærmaste bilveg
- vatnet du ser på bildet er regulert

Hint 2. mai:
- bildet er tatt kl. 15:55
- Marianne var oppunder 1200 moh då ho tok bildet
- plassen er ein halv dagstur frå farbar bilveg i Marianne si skigåarform

Plasserer du Marianne riktig ved hjelp av dei ni hinta som er lagt ut, får du 2 lodd i trekninga 🥳
For å vere med i trekning av ein premie må du seinast torsdag 28. mai kl. 14
anten
- sende oss ein epost/chat med koordinatane eller kartutstnitt der plassering er markert
eller
- kome innom og vise oss på kartet
Det blir eit visst slingringsmonn - god tur på kartet😉
-----------------------
Dei som klarar å plassere Marianne riktig får lodd fordelt slik:
- hint laurdag 2. mai kl. 10, svar utifrå desse gjev 4 lodd i trekninga
- hint torsdag 7. mai kl. 10, svar utifrå desse gjev 3 lodd i trekninga
- hint torsdag 14. mai kl. 10, svar utifrå desse gjev 2 lodd i trekninga
- hint torsdag 21. mai kl. 10, svar utifrå desse gjev 1 lodd i trekninga
Maikonkurransepublisher