Haustutstilling i Vang 2025

Publisert: 22. september 2025
Plakatbilde

Velkomen til haustutstilling! Opning laurdag 27. september kl. 13. I år er det Jim Darbu (f. 1981) som kjem til Vang. Kunsthandverkaren og kunstnaren syner skulpturar i ulike storleikar, og nokre måleri. Darbu er inspirert av teikneseriar.

Pressemelding

HAUSTUTSTILLING I VANG - LAURDAG 30. SEPTEMBER KL. 13.00.
Velkomen til haustutstilling! I år er det Jim Darbu (f. 1981) som kjem til Vang. Kunsthandverkaren og kunstnaren syner skulpturar i ulike storleikar, og nokre måleri. Darbu er inspirert av teikneseriar. Han har ofte ei intuitiv tilnærming til kvart prosjekt og likar å utfordre seg sjølv i kvar einaste skulptur. Ideane kjem ofte opp som visuelle bilete i hovudet eller undervegs når han
teiknar.
Han fortel at det kan være tidkrevjande å arbeide med skulptur. Utifrå storleiken kan det ta ein til tolv månader å gjennomføre eit prosjekt. Han arbeider særskilt med keramikk, men utforskar også andre metodar og materiale som 3D-printing og støyping i sement og resin.
På opninga vil kunstnaren vere tilstades. Vi får eit musikalsk innslag ved Dominik Schmidt-Philipp som har laga musikk i høve opninga, med verka til Darbu i tankane.

Det vert enkel servering.

Utstillinga kan du sjå fram til 22. oktober.

Plakat v/Ingrid Wigdel.

Kunstutvalet i Vang,
v/Marianne Isachsen