Dette skjer hjå oss i Vang

Publisert: 24. august 2023
Haustprogram2023banner

No har Vang frivilligsentral og Vang folkebibliotek spikra programmet for tida fram til haustferien. Håpar du finn noko du vil vere med på! 

Vi startar hausten med valdebatt i samarbeid med Avisa Valdres onsdag 30. august. Alle dei fem partia i Vang kjem denne kvelden, kom du og!

Deretter kan du bli med på nærtur, kviss, baluba med Reidar Kjelsen og mykje meir! For detaljar, sjå arrangement her på heimesida, på facebook eller plakatar rundt omkring.

Her kan du laste ned programmet for utskrift

Og når det gjeld spikring av programmet, det kan jo hende vi kjem på fleire ting vi har lyst til å arrangere, så følj med!