Litt no og då har vi i vinter bytta ut litt møbler, sett inn nye møbler og gjort om litt her og der. Noko av det var på tide å få gjort, og noko kankje fordi det eine drog det andre med seg og det er vanskeleg stoppe når ein fyrst er i siget.
Ungdomskroken har fått ein stor, flott sofa, nye småbord og ein lesekrok i den herleg djupe glaskarmen. Den er utprøvd i fleire omgongar, og med barn og unge høgt og lågt har vi fått plass til heile skuleklasser her for høgtlesing.


Barneavdelinga har fått inn ei super lesehyle med taklys som har vore plan ei stund. No er leikene på plass i bokser utanpå hula og bøker for dei aller minste er samla i bokkassa midt på golvet.

I gangen er avisene hengt opp og tidsskrifta samla i hylla til venstre. Vi har 9 aviser og over 15 tidsskrift innan ulike tema. Ta deg ei avis eller finn eit tidsskrift du vil kikke nærare på og slå deg ned i ein stol neste gong du er innom hjå oss. No er det plass til avis i bruk og ein kaffikopp på bordet, vart ikkje det bra?

Nyaste utgåve av tidsskrifta kan du lese medan du er her, eldre utgåver kan du låne med deg heim ei veke. Lurer du på kvar dei du kan låne blir lagt? Tidsskriftshyllene har hemmelege rom, berre lyft opp i underkant, då finn du ein bunke med eldre utgåver

Vi har også fått opp jakkeoppheng i garderobehuken og skostativ ved glaset for dei som vil ta av seg skoa når dei er inne hjå oss.
