Folkedialogen vart sett i gang med opningsspørsmålet «Kva er tryggheit for deg» og alle deltok aktivt med lytting og å kome med eigne synspunkt. Plutseleg var to timar gått og samtala vart avslutta for å halde tida.
Vi er heilt overvelda over kor mange som kom, heile 8 deltakarar frå Valdres. Det virka som deltakarane også var fornøgde. Som ein av deltakarane uttrykte: ‘Det var veldig interessant å vere med på, å høyre andre sine refleksjonar og oppdage perspektiv eg ikkje hadde tenkt på sjølv. ‘
I tillegg til dei åtte, var det kurshaldaren frå Nansen Fredsenter, 2 frå fylkesbiblioteket i Innlandet og oss tre fasilitatorane; Jeanett frå Nord-Aurdal folkebibliotek, Marte frå Vang frivilligsentral og Marianne frå Vang folkebibliotek.
Neste folkedialog er torsdag 19. mars kl. 18 på Fagernes: Folkedialog på Nord-Aurdal folkebibliotek