Folkedialog i Valdres

Publisert: 24. februar 2026
Folkedialog Illustrasjon

Bibliotek og frivilligsentral tilbyr no folkedialog i Valdres

I vinter har Jeanett Nordby (biblioteksjef Nord-Aurdal folkebibliotek), Marianne Riste (biblioteksjef Vang folkebibliotek) og Marte Tangen (dagleg leiar Vang frivilligsentral) Nansen Fredsenter. Vi har lært oss å fasilitere folkedialogar.

Ikkje høyrt om folkedialog før?

Målet med ein folkedialog er å skape ei trygg og ærleg samtale der alle som ønskjer kan bidra med sine personlege erfaringar, følelsar og tankar. Her er det ikkje dei beste argumenta, dei kjappaste kommentarane eller mest velformulerte setningane som gjeld, men den enkelte sine unike opplevingar. I ein folkedialog kjem vi saman for å lytte og lære utan å definere kva som er riktig eller galt, men saman reflektere over korleis vi opplever verda akkurat no.   

I ein folkedialog sit deltakarane i ring. Dei som ønskjer kan dele sine tankar, men det er også lov å berre lytte utan å dele. Kom som du er! Her skal alle bli høyrt og sett, uansett kva du står for eller kva du har på hjartet.  

 

Tre folkedialoger i Valdres

Folkedialogane vil bli fasilitert av Jeanett, Marianne og Marte. Det er deltakarane som bestemmer kva retning samtala går.

Den første folkedialogen blir måndag 9. mars kl. 19-21 på Vang folkebibliotek. Torsdag 19. mars kl. 18-20 inviterer vi til den andre folkedialogen, då på Nord Aurdal folkebibliotek. Og den tredje blir til hausten, dato og kvar er ikkje bestemt enno. 

 

Prosjekt folkedialog i bibliotek

Nansen fredssenter har utvikla metoden og kursa oss som skal fasilitere samtalen.  

Prosjektet med kurs og gjennomføring av dei tre dialogane vi har planlagt er støtta med prosjektmidlar frå Nasjonalbiblitoeket, med fylkesbiblioteket i Innlandet som prosjektleiarar