Vang folkebibliotek startar opp eit tilbod med levering av bøker heime, heimesjukepleia vil levere bøker til deg og returnere dei til oss etterpå.
Tilbodet er gratis.
Slik gjer vi det
Du bestiller bøker direkte frå oss på biblioteket, og heimesjukepleia bringer bøkene til deg og tek dei med tilbake etter endt lånetid.
Ansvarsfordeling
Du:
- tek kontakt med Vang folkebibliotek
- bestemmer kor mange bøker du vil låne
- sørger for at heimesjukepleia får med seg bøker som skal leverast tilbake
- dersom du ikkje blir ferdig med boka innan fire veker, tek du kontakt og høyrer om du kan forlenge lånet
Vang folkebibliotek:
- lagar lånekort til deg, om du ikkje har det frå før
- finn fram bøker etter ønske
Heimesjukepleia:
- leverer bøkene til deg
- tek med bøkene tilbake til biblioteket
Du kan låne
• romanar: krim og spenning, samtidslitteratur, historiske romanar, romantikk, humor
• dikt og skodespel
• reiseskildringar
• biografiar
• faglitteratur om det meste
Lånetida er 4 veker, og lån kan fornyast dersom ingen står på venteliste på boka.
Du kan anten bestille ei bestemt bok, bøker av ein bestemt forfattar eller vi kan lage eit lite utval bøker.
Du kan også søke opp bøker sjølv på internett.
Vi forklarar korleis, om du er interessert i det.
Spørsmål og ønsker
Ta kontakt med oss på telefon 61 36 94 26 eller
epost biblioteket@vang.kommune.no
dersom du ønsker å nytte deg av dette tilbodet.