Aasmunds lesekrok på Vinjerock

Publisert: 23. juli 2023
Lesekrokbanner

Aasmunds lesekrok kort oppsummert: Tida går fort når ein har det artigt, og jammen har vi hatt det artigt på Vinjerock med Aasmunds lesekrok dei siste dagane. Mykje jobb og tilsvarande mykje moro med veldig mange innom, og mange som sat og kosa seg lenge i lesekroken.

Oppsummering i fullversjon:

Lesekroken med spelebord klar for innrykk

Marianne spurte Guro, festivalsjef Vinjerock, i vinter om vi skulle prøve oss på eit festivalbibliotek  på Vinjerock 20.-22. juli 2023, 1060 m.o.h.. Guro var gira frå fyrste stund, og etter det har vi på biblioteket styra på med å skaffe bøker og eigna hyller til å ha i storteltet. Det tek tid å bygge opp bibliotek, også slike små versjonar.

Slik vart Aasmunds lesekrok til, eit minibibliotek med 388 bøker, sjakk, yatzy og kortstokk. Bokutvalet var vidt; dikt, romanar, kortare tekster, teikneseriar og fagbøker, frå gamalt til nytt, klassikarar til meir ukjende, for unge og vaksne, moro og alvor - vi håpa det skulle vere noko for ein kvar smak.

Victoria og Marianne reiste opp for å rigge til på onsdag, medan Janne kom opp etter at biblioteket på Vangstunet stengte på fredag. På Eidsbugarden fekk vi ei super mottaking av blide frivillige som hjalp til med kva det måtte vere. Aasmunds lesekrok var midt i augesyn for dei som kom inn hovudinngangen i storteltet, plassert mellom turistforeninga og baren - heilt suverent! I tillegg hadde vi ordna oss like gensarar med logo for Aasmunds lesekrok, så vi var lette nok å få auge på.

Kvissing på gang i lesekrokenDet var noko ruskever og ikkje veldig varmt under årets Vinjerock. Men ikkje så gale at det ikkje er godt for noko; ruskever er jo ypperleg bibliotekver! Og jammen vart lesekroken godt besøkt også. Allereie medan vi skrudde opp hyller på onsdag, dagen før festivalen starta, var dei første innom og tok ein sniktitt i bøkene som lå i kasser rundt oss. 

Tanken var at vi skulle halde tellinga på kor mange som var innom Aasmunds lesekrok dei tre dagane festivalen varte, men det gjekk i surr allereie på torsdag. Fredag sat og/eller stod det vinjerockarar hjå oss absolutt heile dagen. Dei bladde og las i bøkene, og sjakkbrikker og yatzyterningar gjekk mest varme. Dei tre kvissbøkene vi hadde med var i bruk omtrent heile tida.

Folk ved hyllene, i saccosekken og ved spelebordet

Bøkene kunne lånast i storteltet, med til private telt eller med heim etter festivalslutt på sundag. Det folk tok med heim må dei levere på sitt lokale biblioteket for retur til Vang folkebibliotek. Låna vart gjort på den gamle, gode måten: alle bøkene hadde bokkort i ei lomme bak i boka, her skreiv vi på dato og klokkeslett og la bokkortet i lånarmapper med namn og mobilnummer. Det er ikkje å oppdrive bokkort, lommer og lånarmapper for sal lenger, men det er utruleg kva du kan få til med vanleg A4-papir og litt stivare ark, det funka som ei kule.

Det var mange bøker som vart lese rundt om i storteltet. 10 bøker vart utlånt og tatt med ut av storteltet, sju av dei kom inn att før vi pakka ned laurdag ettermiddag. Så blir det spennande å sjå når dei tre siste kjem inn att. 

Vinjerock har eit innhaldsrikt program i tillegg til konsertane. Vi var heldige og fekk med oss:

  • Jan Sparstad som fortalde om huldra
  • Kristine Sommerset Bjartnes i forfattarsamtale med Ane Barstad Solvang (om den nyaste boka si, Sporty ponni, som vi no har i signert versjon ved Vang folkebibliotek)
  • sofapraten «Difor er nynorsk best», der Jens Kihl leia praten med Robin Van de Walle, Kristin Fridtun og Aasmund Nordstoga i sofaen.
  • Quiz med Mia & CiderStig (flytt inn i storteltet pga eit uhorveleg regnvêr)
  • intimkonsert i Vinjebua med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad. (Aasmund, som er oppvaksen på same garden som Aasmund O. Vinje og er Vinje-orakel, fekk sjølvsagt ei t-skjorte med logoen til Aasmunds lesekrok)
  • Og mellom ein av kveldskonsertane sprang vi jammen på ei strålande blid Mari Holsve, forfattaren til Sommarles-forteljinga.

Vi håpar alle vinjerockarar som var innom oss hadde det like bra som vi fekk inntrykk av! Takk for besøka og takk for oss!

Helsing Victoria, Janne og Marianne 

Lesekrok12

Victoria er klar for å ta imot vinjerockarar

Lesekrok15

Sjakk og yatzy i gang, nokon prøvde seg til og med på tvungen runde med yatzy

Lesekrok11

Folk i saccosekk, ved hyllene og ved spelebordet

Lesekrok03

Fleire og andre folk i saccosekk, ved hyllene og ved spelebordet

Lesekrok04

Kvissrunde i saccosekken

Lesekrok01

Ei anna kvissrunde i saccosekken

Lesekrokmari

Marianne, Mari Holsve (forfattar av Sommarles-historia) og Janne - alle like blide

Lesekrokkultur1

Det var tett mellom musikarar og publikum på intimkonsert med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad, og enno tettare publikumarane imellom

Yatzy

Kven har teikna denne, tru? Uansett: gratulerer til Kamilla og lykke til neste gong, Ruth!

Sportyponni

Sporty ponni signert av Ane, med helsing til dei som tek ein kikk i boka på Vang folkebibliotek