Liv og røre på avslutning for Sommarles

Publisert: 21. september 2026
20260919Sommarlesavslutning03

Laurdag var det liv og røre på biblioteket, kan du tru - og vi storkosa oss 22 ungar og ein haug med foreldre fauk rundt i ein time og løyste ein god del av dei 110 oppgåvene som var hengt opp høgt og lågt i lokala våre. 

Dei kunne finne og løyse så mange som mogleg av rebusar, gåter, matteoppgåver, språkoppgåver, spørsmål og kjenn-att-kva-som-er-i-posen. Det var nok godt med boller og saft etter ein time med intenst fokus

Etterpå fekk alle som hadde vore med på oppgåveløysing velje seg ein fin stein som deltakarpremie. Og vi haddd trekt ut vinnarar frå alle sommarles-deltakarane for bokgåver på alle trinn. I tillegg fekk tre heldige vinnarar teaterbiletter til Verdens verste teater (gåve frå Teater Innlandet), ei lita skattekiste full med dei finaste steinar og eit gåvekort på ei sjølvvald bok til odel og eie. Premiar er alltid stas, og fornøgde mottakarar med gledeshyl er ekstra stas.

 

20260919Sommarlesavslutning15
20260919Sommarlesavslutning13
20260919Sommarlesavslutning12
20260919Sommarlesavslutning11
20260919Sommarlesavslutning09
20260919Sommarlesavslutning07
20260919Sommarlesavslutning10
20260919Sommarlesavslutning10
20260919Sommarlesavslutning06
20260919Sommarlesavslutning04
20260919Sommarlesavslutning05
20260919Sommarlesavslutning01
20260919Sommarlesavslutning02