Vesle-Vinje 2024

25. mai
VV Facebook Banner Laurdag
Dato 25. mai
Tidspunkt 11:30-15:00
Sted Vangstunet

Velkomne til den historiske premiera på Vesle-Vinje! Ein vaskekte barnefestival skipa av Vinjerock, Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral! Vesle-Vinje 2024

På Vesle-Vinje skal barna få smaken av Vinjerock, med eit program og innhald på deira premiss
Noko å glede seg til denne dagen:
Embla and the Karidotters!
Barnedisko
Familiequiz
Leik og aktivitet
Høgtlesing
God mat frå lokale leverandørar
Tid og sted:
Vesle-Vinje finn sted kring Vangstunet i Vang sentrum, 25. mai 2024 kl 11:30-15.00.
Billettar: 
Alle skal ha moglegheit til å delta på Vesle-Vinje. Difor vil billettane vere basert på “Betal-det-du-ynskjer” prinsippet. På festivalen vil de finne plakater med qr-kode for å vippse det de sjølv ynskjer for inngang.
Praktiske omsyn: 
-Parkering skjer i Vang sentrum. Kan du ta beina, sykkelen eller bussen fatt oppmodar me til det.
-området vert ikkje inngjerda, og føresette har ansvar for eigne barn og barna dei tar med på festivalen
-Det er lov med medbrakt mat og drikke
-Arrangementet er sjølvsagt alkoholfritt
Arrangementet er støtta av Vang kommune og Valdres Sparebank
Følj med på arrangementet på Facebook: https://www.facebook.com/events/412721318147050