Verktøykveld med Valdresmusea

17. november
Bilde (1)
Dato 17. november
Tidspunkt 19.30
Sted Vang folkebibliotek

Velkomen til verktøykveld i Vang. Ta gjerne med verktøy eller utstyr du lurer på kva er, eller kan hende har du noko du har lyst til å visa fram?

Utstyr til bruk på kjøkenet, i verkstaden eller i skogen, alt er like interessant! Me får med oss tradisjonsberarar som har greie på mangt og mykje, og som gjev gode svar og bidreg til gode samtalar. Alle er velkomne til hyggeleg prat og litt servering. GRATIS.
STAD: Vang Folkebibliotek
TID: 17. november 2025, kl. 19.30
ARRANGØR: Valdresmusea og Vang Folkebibliotek
Med atterhald om endringar