Kven bestemmer?

28. mai
Skigardsdele
Dato 28. mai
Tidspunkt 19:00
Sted Vang folkebibliotek

Nordmenn har eit sterkt forhold til fjellet og utmarka. Vi haustar og sankar, byggjer og bur. Ikkje sjeldan oppstår konfliktar om rett og gal bruk. Men kven er det som bestemmer og regulerer bruken av naturen?

Forskar Frode Flemsæter og forfattar Guri Sørumgård Botheim har med ulik tilnærming skrive om menneska sin bruk og forvalting av naturen. Guri skriv skjønnlitteratur, Frode forskar og lagar utgreiingar. Båe har eit sterkt engasjement for vern og bevaring, men òg verdiskaping og bygdeutvikling.

 Desse får du møte:

Frode Flemsæter er førsteamanuensis på Institutt for geografi ved NTNU i Trondheim. Han har mellom anna vore medredaktør av boka Utmark i endring og rapportane Dovrefjells moralske landskap og Horisont Snøhetta, begge kunnskapsgrunnlag for bruk og vern av Dovrefjell. Frode bur i Trondheim.

Guri Sørumgård Botheim er forfattar og har skrive både dikt og romanar, mellom anna diktsamlinga Heime mellom istidene. I 2023 kom ho ut med romanen Høgfjellsmeldinga – som glir rett inn temaet om retten til bruken av fjellet. Ho arbeidar i Norsk Forfattersentrum. Guri bur på Dombås.

Velkomen!

Gratis inngang!

ARR: Arrangementet er del av samfunnsrolleprosjektet «Eit skigardsdele» om utmarka i endring, og skjer i samarbeid mellom fleire museum i Innlandet.