Onsdag 3. desember kl. 19 inviterer vi til den tradisjonelle bokkvelden på Vang folkbibliotek.
Før ordførar Jørand Ødegård Lunde deler ut prisen til årets positive vangsgjelding, får du i år eit foredrag om budeier av Inger Marie Vingdal .
Boka Budeiene kom i vår og det er eit velkjent fenoment oppi her. "Sjølv om det er skrive mange stølsbøker, er det lite om budeiene og kvardagslivet deira. Eg har difor intervjua budeier i ulike landsdelar og leita etter budeiestemmer og budeieliv i forsking, lokalhistorie og anna litteratur. I denne boka er budeia hovudpersonen."
Musikalsk innslag
Norli Fagernes kjem med eit godt utvalg bøker til sals - her kan du gjere noko av julehandelen, om du vil!
Enkel servering og som alltid, gratis inngang.
Velkomen!
Vi har sjølvsagt boka til Inger Marie på biblioteket. Du kan få lånt den hjå oss, eller kjøpt den på bokkvelden eller andre stader. Her kan du lese meir om boka: https://budeiene.no/