Onsdag 4. desember kl. 19 inviterer vi til den tradisjonelle bokkvelden på Vang folkbibliotek.
Før ordførar Jørand Ødegård Lunde deler ut prisen for årets positive vangsgjelding, får du i år eit foredrag om ho Berit på Pynte av Olav Norheim.
I Store Norske Leksikon står dette å lese om Berit:
Berit Pynte var fødd i Vestre Slidre i 1812. Saman med mannen, Andris Andrissen Skjefte, gjorde ho husmannsplassen deira, Pynten i Vestre Sildre, til ein stoppestad for skysskarar og ein turistattraksjon for norsk og utanlandsk borgarskap. Pynte tente gode pengar på å underhalde med langeleiken sin, og om ho ikkje hadde levande dans, hadde ho tredokker som gjorde same nytta.
Bjørg Berge underheld med langeleik
Norli Fagernes kjem med eit godt utvalg bøker til sals - her kan du gjere noko av julehandelen, om du vil!
Enkel servering og som alltid, gratis inngang.
Velkomen!
Vi har sjølvsagt boka til Olav på biblioteket. Du kan få lånt den hjå oss, eller kjøpt den på bokkvelden eller andre stader. Her kan du lese meir om boka: https://kvitvella.no/.../beste-harpespillerske.../