Tonje Plur (f. 1985) har svennebrev i kjole- og draktsaum (2005) og ein mastergrad i klesdesign frå Kunsthøgskolen i Oslo (2017). Plur sin kunstnarlege praksis er i rommet mellom mote, handverk og biletkunst, kor ho arbeider skultpturelt med tekstil og referansar til påkleding.
I Vang syner ho utstillinga AW/SS.
Tittelen spelar på moteindustriens sesongar (Autumn/Winter og Spring/Summer), men óg på endringar i naturen gjennom året. Verka er tekstile tolkningar av stader Plur har opphalde seg, og prosjektet vaks fram av opplevinga av å ha landskapet tett på kroppen: Ei oppleving av at naturen la seg kring henne i store draperingar og som eit ekstra lag, som viskar ut skilet mellom kropp og omgjevnad. Plur tok tekstilskulpturane med seg ut på tur, der dei vart fotografert i dei omgjevnadene og til den årstida dei høyrer heime.

Ho utforskar forholdet og samanhengen mellom menneske, omgjevnad, tekstil og miljø, og undersøkjer korleis desse gjensidig påverkar kvarandre. Den næraste omgjevinga til kroppen er ofte tekstilar, og gjennom klede kan vi forhalde oss til til det som omgjev oss, som når vi kler oss etter vær og vind, eller nyttar påkledinga som visuelle teikn for å skilje oss ut eller passe inn. I Plur sine prosjekt smeltar desse laga saman, og ho forsøker å få kropp, tekstil og omgjeving til å gå i eitt med kvarandre.
Opninga finn stad laurdag 26. september kl 13.00. Kunstnaren er tilstades, og det blir musikalsk innslag og enkel servering.
Ustillinga vert ståande til 28. oktober og kan besøkast i biblioteket si opningstid.
Plakatdesign ved ingridesign.no / Ingrid Wigdel