Folkedialog på Vang folkebibliotek

09. mars
Folkedialog Illustrasjon
Dato 09. mars
Tidspunkt 19-21
Sted Vang folkebibliotek
Velkomen til folkedialog på Vang folkebibliotek om "tryggheit i ei uroleg tid".

Ønskjer du å dele dine tankar, bekymringar og håp, i ei tid der mykje er i endring? I folkedialog møtast vi som medmenneske og alle kan lytte og seie kva dei tenkjer.

Arrangmentet er ope for alle, men det er berre plass til 12 deltakarar. Vi krev ikkje påmelding, men vil du sikre deg plass kan du melde deg på til biblioteket@vang.kommune.no // 61 36 94 26

 

Ikkje høyrt om folkedialog før?

Målet med ein folkedialog er å skape ei trygg og ærleg samtale der alle som ønskjer kan bidra med sine personlege erfaringar, følelsar og tankar. Her er det ikkje dei beste argumenta, dei kjappaste kommentarane eller mest velformulerte setningane som gjeld, men den enkelte sine unike opplevingar. I ein folkedialog kjem vi saman for å lytte og lære utan å definere kva som er riktig eller galt, men saman reflektere over korleis vi opplever verda akkurat no.

I ein folkedialog sit deltakarane i ring. Dei som ønskjer kan dele sine tankar, men det er også lov å berre lytte utan å dele. Kom som du er! Her skal alle bli høyrt og sett, uansett kva du står for eller kva du har på hjartet.

Nansen fredssenter har utvikla metoden og kursa oss som skal fasilitere samtalen. Prosjektet med kurs og gjennomføring av dei tre dialogane vi har planlagt er støtta med prosjektmidlar frå Nasjonalbiblitoeket, med fylkesbiblioteket i Innlandet som prosjektleiarar.

 

Les meir om kva folkedialog er på https://www.valdresbiblioteka.no/.../artikler/folkedialog/