Skinnfellen er ein del av vår kulturarv. Ein av dei viktigaste tinga å eige, skulle ein overleva vinteren. I tidlegare tider reiste skinnfellmakarane rundt frå gard til gard med trykkblokkene sine. På slutten av 1800- og starten av 1900-talet vart skinnfellane, gradvis bytt med dyner, og dei gamle fellane kasta eller gøymd og gløymd. Me sov ikkje lengre saman i ein haug under ein lusete fell, men under kvar vår dundyne.
Forfattaren av boka, Li Simon, oppdaga skinnfellen hjå gamle bygdefolk på 50-talet. Ho og mannen samla, dokumenterte og tok opp att det gamle skinnfellhandverket, som held på å forsvinne. Takka vera arbeidet deira har kunnskapen om skinnfellsaum og trykking vorte take vare på. Saman med familien dreiv dei også Skinnfellgården i Hemsedal. Med bakgrunn i dette omfattande arbeidet er Skinnfellboka vorten til.
Det er fasinerande å lesa om korleis trykka på kjøtsida av fellen, ikkje var pynt, men som oftast vart dekte til av åkle eller felletrekk. Dei gamle symbola skulle verne oss, og gje oss styrke og kraft for å stå i alt livet bar med seg. Dei vakre trykka fortel om ei tid der me var avhengige av å leva på lag med naturen me alle er ein del av.
I Skinnfellboka blir me take med på heile prosessen frå sau og garving til saumar, trykkblokker og farge. Boka passar for skinnfellentusiastar spesielt og generelt for alle som er interessert i gamle handverkstradisjonar og kvardagsliva til menneska som har levd før oss.