Boktips

After dark

Murakami
ForfattarHaruki Murakami
Omtalt avSilje Skogheim, Vang folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

«After dark» føregår over ei natt og ein tidleg morgon i Tokyo, der studenten Mari ventar på toget heim på ein nattkafè. Der møter ho Takahashi, jazzmusikar og ein perifer bekjent gjennom den vakre systera hennar Eri, som har falle i ein merkeleg, djup søvn.

Via Takahashi blir Mari trukke inn i eit drama på eit såkalla kjærleikshotell, der ein kinesisk prostituert er blitt banka opp og bakmennene hennar jaktar på den skuldige, som vi også glimtvis får følge. Innimellom får lesaren også observere den sovande, drøymande (?) Eri og følge med på korleis ein knitrande TV-skjerm på skrekkfilmvis opnar rommet mellom draum og røynd.

Noko av det eg set pris på hjå Murakami er blikket han gir meg inn i eit ukjent og spennande landskap, som det å få vere med på nattkafè i Tokyo, på konseptet kjærleikshotell og på nattlege jazzøvingar i eit kjellarlokale. Samstundes er det noko med stemninga eg fell for, det litt uavklara, mystiske som dirrar under overflata, og der sekvensane med Eri bikkar over i det urovekkande og surrealistiske. På den andre sida likar eg også at Murakami på eit knapt og vakkert vis skildrer både menneska og byen med varme og humor. Til dømes ringer ein mobiltelefon stadig insisterande i ein kjøledisk. Gjennom dei finstilte og prøvande samtalene der Mari og Takahashi nærmar seg kvarandre og seg sjølve, og mellom Mari og sjefen på kjærleikshotellet, blir eg både interessert i og glad i personane.

Murakami var nett hovudgjest på litteraturfestivalen på Lillehammer der han vart intervjua av kronprinsesse Mette-Marit, ein ivrig lesar av bøkene hans. Murakami har skrive mange gode bøker, men «After dark» kan vere ein god introduksjon til forfattarskapet.

Fleire boktips