I boka tek Erling Kagge utgangspunkt i tre spørsmål: Kva er stillheit? Kvar er den? Kvifor er den viktigare enn nokon gong?
Gjennom 33 forsøk på svar reflekterer han over spørsmåla. Han trekk inn kjende diktarar, filosofar, eigne turar og opplevingar.
Mange i dag er ikkje så gode på å finne ro og tole stillheit. Det er ikkje rart med alle forstyrringar vi har rundt oss med elektronikk og slik, tenker du?
Allereie på 1600-talet kom Pascal fram til at menneske si ulykke er at det ikkje klarer å halde seg i ro i eit rom utan å gjere noko. Så fenomenet er på ingen måte nytt. Diverre.
Boka er lita og berre på 140 sider, så den kan lesast fort. Men du kan bruke lang tid på å bli ferdig med ho. Og kanskje blir du ikkje eigentleg ferdig fordi den set i gang tankar om kva stillheit er for deg, korleis du opplev din form for stillheit.
Det er ingen generell fasit.
Til no har du lese 275 ord i dette boktipset, det tok ca. 2 minutt.
No kan du bruke dei resterande 3 minutta på å finne stillheita di.