Boktips

Kvit, norsk mann

Foto Boktips Laurdag 10 Des
ForfattarBrynjulf Jung Tjønn
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne, Noveller og dikt

Korleis er det å sjå «unorsk» ut – i Norge?

Brynjulf Jung Tjønn har skrive ei diktsamling som verkeleg grip tak i oss som les. Boka er djupt personleg og fortel om oppveksten og vaksenlivet til forfattaren.

Dikta er delt opp i bolkar, som kapittel i ein roman, og kan lesast slik. Tjønn skriv på ein lettfatteleg måte, og boka kan lesast i gjennom på ei lita kveldsstund, men inntrykka og innsiktene me sit att med etter lesinga er sterke.
Korleis er det å sjå «unorsk» ut – i Norge? Tjønn vart sjølv adoptert frå Sør-Korea som liten, til ein fjellgard i Sogn og Fjordane, og har førstehands kunnskap om dette.

skulefotografen i 1.klasse ber meg om å
opne auga meir
skulefotografen i 2.klasse ber meg om å
opne auga meir
skulefotografen i 3.klasse ber meg om å 
opne auga meir

etter dette
kvar gong nokon skal ta eit bilete av meg
opnar eg auga
så mykje eg kan

Dei ubetenksame kommentarane, eller spørsmåla, er kanskje ikkje så ille kvar for seg, men Tjønn viser oss korleis flaumen av slike konstant pirkar i ein skjør identitet, og aukar lengta etter å bli som dei andre, etter å bli ein kvit, norsk mann. 
Nokre av dei sterkaste dikta handlar om Arve Beheim Karlsen, som vart funne drukna i Sogndalselva etter å ha blitt jaga over ei gangbru 23. april 1999:

(…) 
vi dukkar under
i vatnet er vi brør
to adoptivbarn held pusten
eg er den einaste som reiser meg

Diktsamlinga inneheld mykje sår refleksjon, men er ingen klagesong, kanskje heller ei eksistensiell gransking av røter og identitet.

Tjønn sine erfaringar viser at det er behov for bevisstgjering rundt korleis det er å leva i Norge og ikkje vera etnisk norsk. På ein klok og direkte måte, og på det finaste nynorsk, kan denne boka auke forståinga og empatien med menneske som lever med utfordringar du sjølv ikkje har, eller gje deg styrke fordi du kjenner deg att.

Kvit, norsk mann av Brynjulf Jung Tjønn
Cappelen Damm, 2022.

 

Fleire boktips i same kategori