Boktips

Sjøkuer og andre utryddelser

Sjøkuer Og Andre Utryddelser
ForfattarIilda Turpeinen
Omtalt avSolfrid Olmhus, Sør-Aurdal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Sjøkua blei oppdaga i 1741. Det var vitskapsmannen Georg Wilhelm Steller som gjorde oppdaginga då han var med på eit skip som skulle finne sjøvegen mellom Øst-Sibir og Alaska. Dei havarerer på ei aude øy i det som etter kvart får namnet Barentshavet, og det er der Steller oppdagar sjøkua.

Turpeinen skriv godt og medrivande om korleis menneska har utrydda dyr utan å skjøne det før det er for seint. Me får utryddelseshistoria til sjøkua frå fleire perspektiv og me følgjer den gjennom 300 år til tross for at den blir utrydda allereie omkring 1768. Me møter ein guvernør i Alaska på 1850-talet som samlar på utstoppa dyr, naturforskeren på 1950-talet som samler på egg og me ender opp på naturhistorisk museum i Helsingfors i 2023, der skjelettet til sjøkua er i dag.

Boka er basert på verkelege hendingar og personar, men som forfattaren sjølv skriv til sist i boka «Der hvor ingen kunnskap har vært tilgjengelig, eller jeg ikke har funnet frem til den, har jeg tatt meg friheten å bruke fantasien.» Det er ei blanding av ein roman og vitskapshistorie, innblanda i historiene kjem det loggbokoppføringar frå Bering-ekspedisjonen, utdrag frå private brev og naturvitenskapelige faktadeler. Det viser seg å passe godt saman då Turpeinen skriv på eit så fengande vis.

Er du interessert i natur, historie eller ei god bok anbefaler eg denne. Det er ei fascinerande og skremmande forteljing, for vil vi menneske nokon gong lære av historia?

Fleire boktips