Dette er ein serie på tre bøker om Familien von Humbug, skrive av Karen M. Kilane og Hans Jørgen Sandnes og utgivne på Cappelen Damm. Bøkene er lette å lesa, har herlege illustrasjonar og historier som på ingen måte kan bli tatt som sanne.
Det første eg gjer med bøker er å sveipe kjapt gjennom, ser på skriftstorleik og illustrasjonar for kjapt å gjere meg opp ei meining om det er noko meg. Kilane og Sandnes fenga meg på s. 120: ein statue av ei knakande tøff dame; Marianne von Humbug! Å kjenne seg att i karakterar er givande, og tja, kvifor kan ikkje eg stå med ei gedigen tviegga øks og eit avkappa monsterhovud under armen?
Bestefaren fortel: «Marianne von Humbug. Hun som en gang kjempet en hel natt mot den fire meter lange kinesiske bokormen som ville fortære alle bøkene i loftsbiblioteket. Hun reddet biblioteket, men mistet to fingre og en fot.»
Hovudpersonen er Lucy Larsen, som bur saman med mor si, Irene. Det er berre dei to, og det er fint. Men så kjem det eit mystisk brev frå ein advokat. Lang historie kort: Familien von Humbug eig ein villa i Ulldal kommune. Sidan kommunen ikkje har fått tak i nokon i familien dei siste ti åra vil kommunen ta over bygget. Dei har no funne ut at Irene Larsen eigentleg heiter Irene von Humbug, og for å behalde villaen må ho møte der dagen etter kl. 12. Det dukkar opp ein bestefar, ei kommande bestemor, tanter og onklar og søskenbarn og fjernare slektningar frå alle verdas krokar.
Dette er villskap og gode historier på løpande band. Hald deg fast for, her går det fort i svingane.