Boktips

Budeiene, døtrer av naturen

Om budeieliv frå 1850 til i dag
IMG 6963
ForfattarInger Marie Vingdal
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriFaglitteratur for vaksne

I denne boka er Inger Marie Vingdal på jakt etter budeiestemma. Det er skrive mange skildringar av støl, fjell, friluftsliv, men få av dei har latt budeiene sjølve koma til orde. Men det kjem dei heldigvis til gagns i denne boka, som er særdeles grundig og tek for seg alle tenkjelege aspekt ved budeielivet. 

Vingdal skriv kunnskapsrikt og levande, med eit nynorsk som flyt naturleg og godt. Ho har samla kunnskap frå skriftlege kjelder, frå eigen familie, og frå budeier ho har møtt og intervjua frå andre kantar av landet. Her er også parallellar til stølsbruk elles i verda.

Det var hardt arbeid å vera budeie, men dei arbeidde seg fysisk sterke og uthaldande, og arbeidet var meininga med livet. Me får høyre om vasking, vedsanking, fyring, bærplukking, matstell, utnytting av nytteplanter og andre utmarksressursar. Mjølkinga er skildra frå a til å: teknikkar, såre spener, korleis unngå at kyra spenner, fjøskrakken, trekjerald og anna reiskap, avkjøling, mjølkeramper, ysting og kinning.

Det er eigne kapittel for lokking og gjeting: lokkerutinar, lokkarkaffi, krøtersalt, bjøllekyr og strevet med å beskytte dyra frå ulv og bjørn. Me får detaljar om korleis dei slo graset og turka høyet på ulike måtar, sanking av vinterfor, vinterstøling, heimstølar og mjølkestølar og forteljingar om haugafolk.

Me les om kvardagar, men også om festdagar: dans, friarbesøk, stølsmesser, songen og musikken, besøk av turistar, kunstnarar og andre som fekk nyte godt av matstell og gjestfridom.

I tillegg til dei grundige skildringane av budeiene sine oppgåver, får me også interessante perspektiv der forfattaren ser budeielivet i lys av dei store endringane i storsamfunnet frå 1850 og framover, med mekanisering og stordrift på godt og vondt. Budeiene nytta alt og fekk mykje ut av lite. Dei var i samspel med naturen, hadde økologisk kunnskap og erfaring. Vingdal gjev oss gode refleksjonar rundt framtida for stølinga, klimaendringane og nye generasjonar. Den gamle stølsdrifta var berekraftig og hadde ei viktig rolle i økosystemet. Budeiene tok vare på natur, dyr og menneske, og utvikla og foredla matproduksjonen til fjells. Dei hadde stort ansvar og tunge, lange arbeidsdagar, men kjende likevel på ein særeigen trivsel og fridom. Det var eit friare, meir sjølvstendig liv, eit eige rom.

Stølsdrifta “vitnar um høg livskunst”, for å sitere Anne Ødegård, ei av dei mange budeiene som er brukt som kjelder.

Boka kan du låne på biblioteket, og forfattaren kan du møte på Litteraturtunet i Øystre Slidre, 14.juni.

Fleire boktips