Boka startar i eit stygt uvêr med eit snøskred som tek livet av kona og dottera til Eilifur Gudmundson. Men sonen, toåringen Gestur, overlever ved å drikke mjølk rett frå juret til kua Helga. Gestur, «gjesten» som står litt utanfor i heile oppveksten, blir etter kvart hovudpersonen i boka. I tillegg får me lære å kjenne eit heilt konglomerat av personar frå ulike samfunnslag. Helgason byr på mangfaldige livshistorier og biletrike natur- og personskildringar. Sjølv om historiene ofte er prega av barsk natur, tap og sorg, er dei fulle av kraft, humoristiske understraumar og språkleg overskot.
Boka er elles strålande omsett av Maren Barlien Guntvedt.
Det meste av handlinga er lagt til Segulfjordur, eit lite samfunn som blir snudd på hovudet når norske sildefiskarar treng ei hamn for sildesalting. Den nye tida kjem, ei ny æra med industriell og materiell vekst. Før dette budde menneska på Island ofte i torvholer. Og sjølv om nokon stadig prøvde å finne opp hjulet, såg dei ikkje nytta av det. Dei hadde jo knapt vegar. Sild var ufisk på Island, uetande. Det var haifiske som gav dei det vesle dei hadde av ekstra inntekter. Men å fortelje – det kunne dei, då og no. Og dei er gode på å hjelpe kvarandre når katastrofane kjem. Seksti kilo solskin skal etter kvart følgjast opp av «Seksti kilo juling og Seksti kilo søndag».
Det er berre å gle seg!