Boka startar med at førstebetjent i Det kongelege norske kriminalpoliti, John Edgar Huuva, sjekkar inn på pensjonatet i Planterhaugen. Han er einaste gjest, og er komen frå Oslo for å etterforske eit drap. Som etternamnet fortel oss er han av samisk opphav, og det syner seg etter kvart at han har sterke slektsrøter i Planterhaugen.
Drapet blir ein inngangsport for å utforske bygdeliv, slekt og identitet. Huuva dukkar ned i eit mysterium som meir og meir viser seg å handle om hans sjølv, familien hans og kusina som forsvann då ho var 12 år. Ei klar løysing på mysteriet får me kanskje ikkje, men me får vera vitne til eit frodig samfunn som er prega av eit tungt mørker, men også av magi og uhemma livsutfalding. Her er også mange herlege, språklege krumspring. All dialogen frå dei lokale Planterhaugfolka er på dialektnær nynorsk, medan resten er på bokmål, som er Huuvas språk. (Boka finst også i tornesamisk utgåve.) Og her er mykje dampande og kraftig kost på fleire vis, ikkje minst gjennom skildringa av dei mange tradisjonelle innmatsrettane som den underlege pensjonatvertinna stadig diskar opp med, og som Huuva nyt til fulle.
Planterhaugen er bygda forfattaren sjølv kjem frå. Ho ligg i Skånland i Troms, men har korkje pensjonat, bedehus eller bustadblokk i skogen slik det er skildra i boka. Men desse institusjonane fungerer godt når Skåden utforskar fornorsking, samisk identitet og revitalisering på sin heilt særeigne og leikne måte.