Boktips

Marzahn mon Amour

en fotpleiers fortellinger
Marzahn
ForfattarKatja Oskamp
Omtalt avIngrid Bergstrøm, Nord-Aurdal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

«Marzahn mon Amour – fortellinger om en fotterapeut» av tyske Katja Oskamp, er ein sjølvbiografisk roman og ei bok som viser kor samansett livet er og kor lækjande nye byrjingar kan vere.

Dette er ei kort, men velskriven bok, som heile tida trakkar på den fine grensa mellom det humoristiske og det hjarteskjerande.

I boka møter vi ein kvinneleg forfattar, midt i livet, som legg bak seg ei lite utbytterik forfattarkarriere. Ho vel derfor å omskulere seg til fotpleiar, i drabantbyen Marzahn i Øst-Berlin.

I jobben som fotpleiar i denne forstaden, blir ho kjent med ei rekkje ulike personar, mange av dei eldre, alle med ei historie å fortelje.

Som lesar skjønar vi fort at salongen har andre funksjonar, enn berre å få stelt slitne føter. Dette er den lokale ryktebørsen, staden for utveksling av små nyheiter og litt sladder. Men det er like mykje ein skriftestol der kundane lettar sitt hjarte og trur seg til ganske private forhold.

I korte episodar som varer akkurat ei fotpleieøkt, får vi innblikk i ulike levd liv, som til dømes Mr. Paulke, Mrs. Guse eller Mr. Pietsch sine livshendingar. Historiene er triste, nokon komiske, nokon involvera karakterar som er usympatiske både når det gjeld fot og temperament.

Ho lyttar oppmerksamt til kvar enkelt, frå den tidlegare partifunksjonæren som er stolt av den seksuelle dyktigheita han ein gang naut, ei mobba dotter eller ei kvinne som tek vare på den sjuke ektemannen sin.

Ho dømmer aldri klientane sine. På fotnivå er dei alle like.

Forfattaren klarer på ein varm, humoristisk og medfølande måte å omtale dei små kvardagsaugeblikka til folket i Marzahn.

Det er eit portrett av eit fellesskap, ein hyllest til livets svingingar og ein følsam utforsking av korleis det er mogleg både å vere djupt forankra i omgjevnadane sine og samtidig stå på utsida og sjå inn.

Fleire boktips