Boktips

Den bortkomne

Den+Bortkomne
ForfattarØystein Orten
Omtalt avSolfrid Olmhus, Sør-Aurdal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Me møter ein mannleg lærar som er komen til heimbygda si midt i skuleåret. Til vanleg er han berre der i jula og på sommaren, så kvifor er han der no?

Boka startar med at han kjem flygande til øya der heimbygda er. Beskrivinga av kor vakkert det er på vestlandet, på øya hans, er ei fin opning. Han kjem inn i huset og tankar og minna om det som har vore kjem tilbake til han. Samtidig byrjar telefonen å vibrere og avbryt det fine og trygge.

Han er til vanleg lærar på ei vidaregåande skule ved Mjøsa, men no har han fått ei klage på seg, med bakgrunn i 9A-paragrafen. Rektor ringer med mange spørsmål, og Erlandsen, som er representant frå Nemnda, ringer òg og vil ha nokre svar.

Innimellom alle telefonar og samtaler om denne saken og det at han går kvilelaust rundt i huset og på øya mens han ventar på svar, får me tilbakeblikk på livet hans. Oppveksten med mor og far, studietid og Benedicte, ei dotter me får høyre meir om utover i boka. Det blir skrivi tidleg at ho ikkje er meir, så kva hente med ho?

Denne romanen hopper fram og tilbake i tid, det er til tider poetiske skildringar av natur og liv, men stort sett er det eit nedpå språk i boka.

Orten er lærar på vidaregåande skule, så han har nok god innsikt i 9A-paragrafen sjølv, men om det er meiningane til forfattaren som kjem fram i boka kan ein ikkje vite sikkert.

Boka er lett å lese, engasjerande og spennande. Som lesar vil eg finne ut av kven Benedicte er, kva som skjedde med ho og korleis denne 9A-saka mot hovudpersonen løyser seg.

Fleire boktips i same kategori