Boka handlar om Mimmi som både er eit vanleg og uvanleg barn. Og om pappa som er ein vanleg og uvanleg pappa. Pappa drøymer om å bli ein stor kunstnar og så har han eit stort batteri inni seg. Når dette batteriet er fullt steiker han pannekaketårn og ser på svart-kvit film med Mimmi heile natta. Og sjølv om Mimmi blir trøytt på skulen er det framleis fint. Men når pappa ser kor elendig kunstnar han er, blir batteriet stadig tappa, heilt til det blir heilt tomt og han må liggje på sofaen i ei veke! Men Mimmi veit kva som gjer pappaen glad. Ho fiksar måleria og gjer dei heilt nydelege. Og når pappa vaknar opp og ser på dei nydelege måleria, trur han at han er ein heilt genial kunstnar. Men kva skjer når sjølvaste dronninga ber pappa om å måle portrett av kongefamilien?
Dette er ei fin og sår bok om å ha ein forelder som er psykisk sjuk. «Pappabatteriet» er ei bok som eignar seg godt til høgtlesing og er ei biletbok som passar for dei litt større barna, dei mellom 5-8 år. Boka opnar opp for samtale med barnet og tek det alvorlege på alvor, samtidig bidreg dei fine illustrasjonane til Markhus til mange humoristiske element.