Boktips

Pling i bollen

fine og ufine barnerim
Plingibollen
ForfattarIngvild Rishøi
Omtalt avSilje Skogheim, Vang folkebibliotek
Kategori Barn og ungdom

Ingvild Rishøi var aktuell i jula med filmatiseringa av boka «Stargate», ei trist juleforteljing om to søstrer. Meldingar av boka la vekt på Rishøi si fantastiske evne til å skildre verda og hendingar frå eit barn sitt perspektiv. Heldigvis gjorde Rishøi denne same bragda i diktverda i 2011 med eit heilt anna forteikn: hylande morosamt!

Diktsamlinga «Pling i bollen» tek utgangspunkt i det kvardagslege og i forskjellige folk og dyr, men fer deretter ut på sine eigne, ville vegar. Tekstane er leikne, overskuddsprega rim- og reglebaserte, og eg kosar meg heile vegen med artig språk- og ordleik.

Klare, fargesterke illustrasjonar av teikneserieskapar og kunstnar Bendik Kaltenborn (som eg er svært glad i) underbyggjer og utvidar teksten. I artige, overdrivne, finurlege heilsidesoppslag set illustrasjonane stemninga og skapar liv og rørsle.

Eg kosar meg glugg med diktet (og teikninga!) av korleis pappa byggjer kongelege sandslott (…alltid åtte fløyer/og en egen fuglefløy for kongens åtti papegøyer), eller tipsa til kva du kan gjere for å bli gal, om du kjenner du held på å bli litt for normal (hinke naken rundt i gata/steke egget rett på plata). Eller ein av mine favorittar: det svært sjarmerande diktet om golden retrieveren Siver som blir venn med beveren Iver. I tillegg til sitt eige univers, peiker Rishøi tilbake på klassikarane med ei retting av Inger Hagerup sin «Det bor en baker» og ein voggesong inspirert av Jens Gundersens «Vuggevise».

Spesielt likar eg at heile samlinga er variert og bygd opp med gjennomgangstema som Dyr som får venner, Kven blir du og Menn med problemer. Ho har to teikneserie-oppslag på rim og avslutningsvis er tre av dikta tonesett. Av og til kjem kommentarar frå forteljaren i parentes, og gjennomgangsfigurar dukkar tidvis opp og oppfordrar til å bla om, synge med, eller vere obs når teikneserien på neste side kan vere litt skummel.

Alt dette gir ei heilskapleg kjensle av å lese ei godt gjennomtenkt samling, og for meg var dette ein umiddelbar klassikar.

Fleire boktips