Slik snik forfattaren inn både interessant og tankevekkande informasjon innimellom alt det spennande som skjer med Juni:
«Planeten Jupiter er så stor og sterk at tyngdekrafta er et skjold for jorda. Den fangar opp og dytter vekk kometar og asteroidar som kunne treft planeten vår. Jupiter er der ute i verdsrommet og reddar jorda, kvar dag. Ikkje alle kan det.»
Juni sjølv har solsystemet sin største storm inni seg, men ingen ser det. Pappa har flytta til Sverige med ny familie, og bestevenninna Ines har fått seg ei ny bestevenninne. Juni kjenner seg som ein planet, langt unna, fanga i det iskalde ytre rom. Men – ho har ein plan! Og heldigvis byrjar det ein ny gut i klassa hennar. Simon interesserer seg for insekt og alle moglege små ting han finn langs vegen. Han har med andre ord blikket retta mot bakken, ganske ulikt Juni. Men når dei to finn ein bortkomen hundekvalp, virvlar forteljinga av garde i spennande kast. Boka er gjennomillustrert av Emily Clapham. Teikningane utfyller teksten svært godt, og er endå ein god grunn til å lesa denne boka.
Gler meg til neste!