Boktips

Hjertet er en egensindig traktor

Boktips+Vang
ForfattarJón Kalman Stefánsson
Omtalt avJanne Colbjørnsen, Vang folkebibliotek
KategoriNoveller og dikt

Dikt med tema og lengde for alle

Etter at eg byrja med dikt til lunsj på biblioteket, har eg lese meir dikt enn nokon gong. Mange av diktsamlingane hadde eg kanskje aldri fått lese. Stefánsson er nok eit kjent namn for mange, men kanskje er det romanane hans som er mest lest. Språket hans er skildra som poetisk og då eg fann denne samlinga i hylla vart eg veldig nysgjerrig på dikta hans. Boka inneheld av dikt frå 1988 til 2021. Han synest ikkje sjølv at han var kompetent til å vurdere kvaliteten på eigne dikt, så den oppgåva overlét han til lesarar og vener. Det er første gong dikta blir presenterte på norsk.

Dette er ei diktsamling som set i gang tankar, kjensler og refleksjonar hos meg. Tankar om det som har vore og det som kjem, og enkelte setningar og avsnitt blir sitjande igjen hos meg. «Hvor mange dikt skjuler seg i et liv?» og «kaste fiskesprett på livet.» Nokre av dikta traff meg veldig, som til dømes Døden forvandler deg til en stjerne, til et lys og diktet som heiter Hundeliv.

Eg liker godt spennet i dikta, frå dei som fangar meg med ein gong, til dei eg må jobbe meir med. Det er òg nokon dikt som har så store ord at eg ikkje får tak på dei i det heile, men som kanskje vil treffe nokon andre. Det er det som er så fint med dikt, synest eg, at det kan bety så ulikt for kvar og ein som les dei. Det er òg variasjonar i tema og lengd på dikta. Her finn du dikt om kvardagsliv, dyreliv, kjærleik, eksistensielle tema som meining, meiningsløyse, tru og døden og refleksjonar på bar. Litt humor er det òg innimellom.

Diktsamlinga har eit godt forord, skrive av forfattaren sjølv. Han skriv om diktsamlingane og tidsepokane dikta er frå, om kva som inspirerte og sitt eige liv då han skreiv dei ulike diktsamlingane. Me får òg innblikk i den islandske poesien.

Fleire boktips i same kategori