Det å jobbe på eit akuttmottak derimot viser seg å ikkje vere like enkelt. I blant er det heilt fantastisk og ho er med på å redde liv, andre gonger kan det ende med døden og då er det heilt forferdeleg.
Livet som lege er hektisk. Det er lange vakter, kollegaer som kan irritere og pasientar som krev mykje. Oppå alt dette igjen føler Hanne mykje på frykta for å gjere feil. Den frykta kjem me tett på i teksten, som: «Hvordan vil du forklare ...» «Det er ikkje signifikant», slår Hanne skråsikkert fast, medan tvilen hamrar mot ribbeina. Dette er under ei nattevakt då ho har ansvaret heilt åleine, til vanleg har ho ein bakvakt ho kan konferere med.
Historia er godt skrive, det er flyt og driv i historia. Det er korte kapittel, og nokre har ein introduksjon som eit journalnotat i ei epikrise, då får me ein lite innblikk i kva som kjem.
Å lese om frykta til Hanne for å gjere feil gjer ho veldig menneskeleg. Trass i at livet til Hanne og livet som turnuslege på eit akuttmottak er hektisk, er historia roleg og nedpå. Me følgjer også Hanne i livet utanfor akuttmottaket, i kvardagslivet, kjærleiken og forholdet til mora.
Likar du bøker der du kjem tett på andre menneske er dette boka for deg. Her kjem me ekstra tett på Hanne, men me kjem også tett på pasientane på akuttmottaket og kollegaene til Hanne.