Når hyllene blir tomme

10. september
Carla
Dato 10. september
Tidspunkt 19:00
Sted Øystre Slidre folkebibliotek
Velkomen til foredrag på Øystre Slidre folkebibliotek!
I samband med Totalberedskapsåret inviterer vi til eit aktuelt og viktig foredrag torsdag 10. september kl. 19:00.
I ei stadig meir uroleg verd reiser vi spørsmålet: Korleis kan sirkulær økonomi, gjenbruk og lokal produksjon gjere samfunnet vårt meir robust?
Vi har vore så heldige å få med oss Carla Susana A. Assuad, førsteamanuensis ved NTNU. Ho vil gje oss innsikt i korleis berekraftige løysingar og lokal verdiproduksjon ikkje berre er bra for miljøet, men også fungerer som ein heilt essensiell del av samfunnsberedskapen vår framover.
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Arrangør: Øystre Slidre folkebibliotek i samarbeid med Innlandet fylkesbibliotek.