Lått og leven med Tuva, Bibbi og Ingrid

17. februar
Danse Mi Dokke
Dato 17. februar
Tidspunkt 11.00
Sted Øystre Slidre folkebibliotek
Laurdag 17.februar kl 11.00 får vi ei ekslusiv prøvevisning av framsyninga «Danse mi dokke, springe min hest» på Øystre Slidre folkebibliotek. Framsyninga passar for barn og er gratis.
Her møter vi dei mystiske dansedokkene til Berit på Pynte. Når Berit spelar på langeleiken sin, byrjar både små og store dokker å danse. Korleis får ho det til? Er det ein slags magi i den gamle musikken, som vekker dei til live? Og er det eigentleg noko moro å vera ei dansedokke, når du berre får danse når ein annan bestemmer det?
«Danse mi dokke, springe min hest» er basert på ein fleire hundre år gamal tradisjon: Dansedokker(marionetter) til langeleikspel. Historia i framsyninga spinn rundt Berit på Pynte, ein berømt langeleikspelar som levde i Valdres på 1800-talet. Berit budde på ein liten husmannsplass i Vestre Slidre, og brukte å underhalde folk som kom reisande forbi. Ho spelte langeleik, song og dansa – og var kjent for å bruke dansedokker, som ho festa i ein tråd i handa når ho spelte langeleik. Etter Berit finns det mange spennande historier og nedskriven musikk – blant anna frå den berømte komponisten Edvard Grieg, som ein gong var på besøk på ei av reisene sine.
Medverkande:
Ingrid Lingaas Fossum: Langeleik, dans, song
Brigitte Blomlie: Dans, song
Tuva Færden: Dans, kraviklyre, song
Silje Risdal Liahagen: Regikonsulent
Framsyninga er produsert i samarbeid med Riksscenen og Hilmarfestivalen.
Produksjonen er støtta av Kulturrådet, Valdres Natur- og kulturpark, Furestiftelsen og Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Utøvarane har også hatt residens på Sprang landsdelscene for dans.