Sommarles for vaksne 2024

Publisert: 13. mai 2024
Sommarles For Vaksne

I år har me endra litt på den årlege sommarbokbingoen vår her i Øystre Slidre. No kan du fylle ut forfattar og tittel på bøkene du har lese i den rekkefølgja du vil, og hente premiar på biblioteket når du har lese 4,10 og 16 bøker. :-) Sommarles for vaksne går frå 1.juni til 1.september. Velkomen innom for inspirasjon til ein god lesesommar.