Boktips

Ro/Uro

Ro Uro Maren Nesja
ForfattarMarthe Valle
Omtalt avMaren Nesja, Vestre Slidre folkebibliotek
Kategori Faglitteratur for vaksne

«Ro/Uro – Tilhørighet i krevende tider» av Marthe Valle, er ei sterk og modig bok om korleis me kan finne ro, og leva med med uro.

Det fyrste eg likar med denne boka er at ho er tynn, altså mogleg å koma igjennom for ein uroleg kropp som min. Språket flyt godt, og innhaldet er tett og kompakt. For utan å skrive bøker er Marthe Valle også artist, aktivist og sjukepleiar innan psykiatri.

Med solid forsking, kunnskap frå livsmeistrinsprosjektet Ro/Uro, og eige erfaring som mor, inviterar forfattaren oss til å sjå på vårt eige ansvar for å bygge felleskap, og ruste barna våre for ei uroleg verd.

Marthe Valle tek opp spørsmål rundt kvifor så mange av oss er urolige, einsame og psykisk sårbare, til tross for auka velstand og kunnskap. Og korleis me som foreldre kan støtte barna og ungdomane våre i å tåle motstand i livet- utan å dempe uro med distraksjonar og flukt.

Fokuset i samfunnet har dei seinare åra flytta seg frå felleskapet til enkeltindividet. Me er mindre tilstades i dei fysiske møtene med kvarandre, samstundes som me er meir tilgjengeleg digitalt. Dette er med på å skapa einsemd og uhelse.

Mange foreldre kjenner seg slitne og distraherte i ei tid prega av prestasjonsjag, og eit alt for høgt tempo. Kontakt med naturen, og å vera til stades i møte med kvarandre kan gje ro. Å kunne vera noko for, og gjera noko for andre menneske, kan gje oss ei kjensle av meining.

Marthe Valle syner korleis me vaksne kan vera tydelege rollemodellar som leiar med kjærleik, og korleis det å møte uro med aksept og fellesskap, kan vera vegen til å finne ro.

Fleire boktips