Boktips

Hushjelpen

Hushjelpen Marianne Riste
ForfattarFreida McFadden
Omtalt avMarianne Riste, Vang folkebibliotek
Kategori Skjønnlitteratur for vaksne

Likar du krim med ei overrasking eller to på slutten? Da trur bibliotekaren at du kjem til å like denne boka.

I feriar går eg for pocket, denne gongen vart det ein lettlest og filmatisk krim som passer i sommarvarmen. Freida McFadden skreiv første boka, Hushjelpen, om Millie i 2022. Så langt har det blitt fire bøker i serien og eg starta pliktskyldig med bok 1, som også er filmatisert.

I boka blir du kasta inn i eit åstad. Politiet er på plass, og eg-personen er ein som ganske innlysande er gjerningspersonen. Så etter eit par sider prolog, blir du sett tilbake 3 månader og følgjer først Millie si side av historia. Halvvegs tek Nina, arbeidsgjevaren til Millie, over som forteljar. Det er vanskeleg seie noko om handlinga utan å avsløre for mykje, for her er det mykje finurleg som skjer og blir avslørt undervegs i forteljinga.

Persongalleriet er lite: Millie som er hushjelp hjå Nina og Andrew, dottera deira, gartnaren, mora til Andrew i tillegg nokre få venninner av Nina og elles ingen som har noko særleg å seie for historia. Det blir ei intens historie som blir avslutta i boka, men slutten opnar for nye historier.

Eg trur eg har innrømt det før; eg les sakte, litt for sakte for min eigen tolmodigheit, faktisk. Men denne boka slukte eg på nokre timar. Den er munnleg i stilen og lett å lese, og hinta og ledetrådane om kva som skjer gjorde meg nysgjerrig på å finne ut om eg har rett. Kva er vel betre enn å ha rett?! Men kanskje har McFadden, som andre krimforfattarar, heile tida ei aning på kva eg trur eg har forstått skal skje, også får eg meg ei overrasking eller to likevel?

Fleire av valdresbiblioteka har boka, så stikk innom og lån den!

God sommar :)

Fleire boktips