Boktips

Elggutten

Elggutten Ingrid Bergstrøm
ForfattarAleksander Kirkwood Brown
Omtalt avIngrid Bergstrøm, Nord-Aurdal folkebibliotek
Kategori Barn og ungdom

I boka «Elggutten» av Aleksander Kirkwood Brown møter vi på David, ein heilt vanleg gut som blir dregen med på jakt av den overgira faren sin.

Dei sit i fleire timar på post og David kjedar vitet av seg. Men i det sekundet faren må akutt på do bak ei busk, slår katastrofen til; David blir biten av ein høgst uvanleg, mutert elg. Og vips det er duka for eit elg-evilt superheltkaos!

Det tek ikkje lang tid før David begynnar å klø. Snart vaknar han opp med gevir, klauver og ein uimotståeleg trong til å jafse i seg granbar. Forvandlinga skjer sjølvsagt alltid på dei verst tenkelege tidspunkta, som når han skal på klassefest til den søte jenta Tyra. 

Å dukke opp på fest som eit 400 kilos skogsdyr med akutte løpetidstendensar og eksplosiv metangass i magen, kan vel ikkje ende godt? 

Og ikkje minst byr det på nervepirrande spenning når den rabiate jegeren Krag som hatar elg over alt på jord, har sett seg som mål å fylle stova med utstoppa trofear. Korleis skal David skjule forvandlinga for foreldre, lærarar og vener? Og ikkje minst vil han overleve elgjakta?

Forfattar Brown serverer humor i hundre og ti kilometer i timen. Historia rullar av garde med absurde situasjonar og elleville vitsar. Kontrasten mellom ein heroisk superheltsjanger og ein sveitt, forvirra elg i ein vanleg norsk kvardag er fantastisk morosam. 

Andreas K. Iversens herlege og actionfylte teikningar gjer boka til ein visuell fest som barna vil sluke på ein kveld.

«Elggutten» er ei fartsfylt, tullete og frigjerande sprø bok som garantert vil få deg til å trekkje på smilebanda. Med sitt høge tempo og herlege tullball er dette humoristisk barnelitteratur på sitt aller beste, skreddarsydd for alle mellom 7 og 12 år som likar spaning og elg-galskap.

Gjer deg klar for elg-action og veldig god elg!

Fleire boktips