I «Vår» følger vi både ein desillusjonert filmregissør og Brittany som jobbar på eit interneringssenter for migrantar. For dei begge kjem ei merkeleg skulejente til å spele ei særs viktig rolle. Treffande nok les eg sjølv «Vår» akkurat no, men eg grugler meg allereie til «Sommer», der alt kulminerer i pandemi, brannar og familiesamanbrot – og eit gryande håp om endring.
Bøkene heng ikkje saman i handling, men felles for dei alle er humoren og den sylskarpe samfunnskritikken. Smith undersøker gjennom bøkene fasettar av sosial ulikskap og urettferd, menneskeverd og natur- og miljøøydeleggingar, ofte med utgangspunkt i brexit, og eg kan ikkje la vere å bli engasjert.
Midt i all denne storpolitikken løfter ho meisterleg fram enkelmennesket gjennom personar eg blir veldig glad i. Med varme og humor skildrar ho menneske, familiedynamikk, vanskelege, nære relasjonar og kva vi tyder for kvarandre på godt og vondt.
Samstundes kosar eg meg med språket, den lette, leikne og utforskande stilen som på same tid er korthogd, treffsikker og skarp. Tidvis glir ho over i det fragmenterte og poetiske, og nettopp kunst i ulik form har alltid ei særstilling i hovudpersonane sine liv som eit håp, ei motvekt og ei varm kraft i det kalde, skakkøyrde samfunnet Smith elles portretterer.