Slik startar Villdyr og det set på mange måtar standarden for boka og viser at dette er klassisk fantasy: eit einsamt born som ikkje passar inn i den verkelege verda, bornet oppdagar tilfeldig ei alternativ verd der det gode og det onde kjempar om makta og der det einsame bornet kan spele ei viktig og avgjerande rolle.
Villdyr er klassisk fantasy – Embla (13 år) byrjar på ny skule, søstera er heilt motsett av ho og foreldra forstår ikkje korleis ho har det. Etter mange uforklarlige hendingar blir Embla oppdaga som hamløper og blir tatt med til Hambassaden (gjennom ei søppelkasse i Vigelandsparken), der blir ho kjent med andre hamløpere.
Ho får òg vite at for å kunne gå på hamløperskule må ho få Utmerket. For å få det må ein gjennom utmarksprøven – som visar seg å vere ein farleg prøve om å overleve i Utmark – villmarka der blant anna ugleordenen er.
Historia fenger frå start. Marcus skriv godt og brukar mange ord som gjer det ekstra moro å lese, som nevnte Hambassaden. Giraffel (bestikk) og vilske (den indre krafta til hamløpere) er andre eksempel. Det er mykje som skjer og stadig nye ord, karakterar og underlege ting å bli kjend med.
I 2025 kom oppfølgjaren Villdyr: Under røttene. Begge bøkene anbefalast til nye og gamle fantasy-lesarar – det er ei underholdande verd og historie.
Hugs: 1. juni startar Sommarles – ein digital lesekampanje som går gjennom sommaren, heilt til 31. august. For born som startar i 1. klasse til hausten til dei som er ferdige i 7. klasse no i vår. Bli med!