Boktips

Tre lys

Jannetrelys
ForfattarClaire Keegan
Omtalt avJanne Colbjørnsen, Vang folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Ei sterk og rørande historie med løyndomar som kjem fram i lyset

Freistar det med ein kort og lettlesen roman? Prøv gjerne denne! Historia, som blir fortald gjennom 79 sider, rørte meg og gav ei stor lesaroppleving.

I byrjinga blir vi tekne med på ein køyretur i det irske landskapet. Jenta vi følgjer kjem frå ein fattig familie der det er mange munnar å mette, så ho skal vere hjå eit ukjent ektepar heile sommaren. Ho er spent på korleis det blir å vere der. Etter kvart blir jenta meir trygg, og ho blir møtt med ei omsorg ho tidlegare ikkje har kjent. Når sommaren glir over i haust og heimreisa nærmar seg, har ikkje jenta lyst til å reise heim igjen. Frå starten av får eg vite lite om hovudpersonen, men etter kvart som historia utspelar seg blir eg betre kjent med jenta.

Eg synest dette var ei sterk og rørande historie med løyndomar som kjem fram i lyset. For meg handlar denne historia mykje om det som ikkje blir sagt, kanskje for å skjule noko eller fordi det er vanskeleg å skildre opplevingane med ord. Eit døme er omsorga jenta møter hjå ekteparet Kinsella: «Hun såper meg inn over hele kroppen med en klut. Hendene er som mors hender, men det er noe annet i dem også, noe jeg aldri har kjent før og ikke har noe navn for».

Teksten har mange gode og detaljerte skildringar av naturen og omgjevnadene der historia utspelar seg. Eg synest desse skildringane nesten blir som teikningar i ein grafisk roman; dei fyller ut og underbyggjer hendingane i historia. Som i avskjedsscena mot slutten av boka: «På et tidspunkt, som føles mye seinere, farer et brått vindkast gjennom trærne og rister store, tunge regndråper ned over oss».

Boka er filmatisert. «Quiet Girl» vart nominert til Oscar for beste utanlandske film i 2022.

Fleire boktips