Eg traff på denne skatten i bokhylla heime, der ho sikkert står hjå mange andre jakt-, fiske- og friluftsinteresserte. Har du i tillegg sans for (britisk) humor, vil dette vere ein fulltreffar.
Britane John, Skipper’n og Esau kjem med båt til Oslo og reiser sakte, men sikkert nordover frå Lillehammer medan dei prøver fisket og jakta. Ruta går gjennom Espedalen og Sikkilsdalen, samt eit seinare besøk ved Russvatnet, før dei legg seg til ved Memurubu. Steinovnen britane mura for å bake brød, står der framleis i dag.
Eg får følge dei gjennom medgang og motgang (mykje av dette), leirliv, regn, uvillig fisk og sterk, indre konkurranse og vennskap. Måten forfattarane skildrer både hendingar, kvarandre og ikkje minst møta med lokalbefolkninga på, er til å le seg skakk av.
Særs festleg er det mellom anna å lese om korleis britane ved hjelp av lokale krefter får buksert alle gevær, matkasser, fiskestenger, kanoar, ølkasser, whiskeyflasker og alskens remedier med seg rundt i fjellheimen.
Dei tre er velutdanna skrive- og teiknekyndige menn og skildrar også presist og elegant naturen, dyre- og fuglelivet og landskapet undervegs.
PS: Legg merke til kva omsetting du les! Dei tre omsettingane til norsk er svært ulike, der Per Thomsen si er mest eigenarta, på godt og vondt. Det er berre å spørje underteikna, som er over gjennomsnittet interessert, om du er usikker på forskjellen.