Boktips

Supervulkaner og digre dinosaurer

den kjempestore boka om Norges kjempelange historie
Supervulkanerogdigredinosaurer
ForfattarReidar Müller og Sigbjørn Lilleeng
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Bak denne fristande tittelen, med undertittelen «Den kjempestore boka om Norges kjempelange historie", skjuler det seg ei fantastisk fagbok som i utgangspunktet er laga for barn ca 9-12 år, men som vaksne også vil ha stor gleda av å lesa i lag med ungane.

Forfattaren tek oss med gjennom jorda sine tidsperiodar, frå prekambrium til kvartær, der mennesket omsider dukkar opp. Me får sjå korleis Norge sakte endrar seg med klimaet, frå slimete til vulkansk, gjennom ørken, jungel og istid.

Boka gjev også eit spennande innblikk i dyreverda som høyrer til dei ulike epokane. Her får me lesa om kjempeblekksprutar, sabeltannkattar, armfotingar, og ikkje minst om kjøtfinnefisken, som er ein slags forfar for mennesket. I allefall den første med ryggrad som gjekk opp på land.

Boka er gjennomillustrert av Sigbjørn Lilleeng. Ein liten dinosaur med stadig nytt, menneskeleg utstyr, som skulesekk, forkle, fiskestong og mobil, loser oss gjennom dei kraftfulle og fargesterke oppslaga.

Boka sluttar med fem gode råd, og syner på ein humoristisk og truverdig måte korleis kunnskapen om fortida kan gjera oss rusta for framtida.

Fleire boktips