Boktips

Sommerboken

Sommerboken Silje Skogheim
ForfattarTove Jansson
Omtalt avSilje Skogheim, Vang folkebibliotek
Kategori Skjønnlitteratur for vaksne

Er du heldig, har du aldri lese «Sommerboken» av Mummi-mamma Tove Jansson. Då kan du gle deg til å lese denne i sommar! Og har du lese boka frå før, kan du følge tradisjonen til fleire andre: å lese denne lågmælte perla kvar einaste sommar, for verkeleg å koma inn i den gode sommarstemninga.

På første side i Sommerboken hjelper vesle Sophia farmora si å finne att gebisset ho har mista ned i peonane ved hytta på ei øy i den finske skjærgården. Korte kapittel skildrar små historier og hendingar farmor og Sophia opplever saman på øya i løpet av fleire somrar.

Sophia nektar i historia «Katten» å snakke meir med katten Mappe, då han jaktar og oppfører seg som ein villkatt. Dei byter han med søte, kosete Svante, men Sophia vil til slutt ha Mappe tilbake fordi «Det er Mappe jeg elsker». Fint er det også å lese om farmor sin engstelege, men gjennomtenkte reaksjon når Sophia klatrar altfor høgt i eit sjømerke og blir redd.

Historiene er fulle av forteljingar og førestillingar, som når faren er på båtfest og dei to fantaserer fram historia om skurkebåten som har gjort at pappaen må sove veldig lenge. Eg elskar denne munnrappe og livskloke farmora som smugrøyker og bryt reglane Sophia sin far er veldig nøye på å følgje.

Gjennom boka får vi augneblinkar og samtaler som er artige, undrande og tidvis melankolske, men som alltid inviterer lesaren inn til å tenke og oppleve saman med farmor og Sophia. Det kvardagslege får gjennom deira blikk brått eit skin av noko større, og her er plass til både blomstersådd og døden.

Sommerboken er i tillegg vakkert illustrert av forfattaren sjølv, så ta deg god tid saman med Sophia og farmor.

Fleire boktips