Boktips

Sommarles - boktips for born

Sommerles Tips
Omtalt avSolfrid Olmhus
Kategori Barn og ungdom

Sommaren er på veg og med den kjem Sommarles-kampanja! 
Her vil du finne tips til bøker for born å lese i sommar, uansett om du er med på Sommarles eller ikkje.

20751112.Bilde.1683230948.N
Alfabetjakten - Sunniva Relling Berg

I denne billedboka er ein med på jakt etter bokstaver. Den er godt eigna til høgtlesing med sine fine illustrasjonar og morosame gåter. Jakta går ut på å finne den neste bokstaven i alfabetet ved å leite etter ordet som ikkje passer inn på ei side. Det er kvardagslege ord som dei fleste vil kjenne seg igjen i, og så er det ord som quinoa og zeppeliner som kan vere litt mindre kvardagslege. 

51847945.Bilde.1756155281.N
Storkfull høyder - Ragnar Aalbu

Ein liten stork kjedar seg. På utedoen på hytta heng det mange gamle bilete, blant anna av ein stork med ein baby i nebbet - kva i alle dagar? Han spør og finn ut at det var slik det blei gjort i gamle dagar og då vil han prøve det, berre han finn ein baby å levere. Fin bok til høgtlesing.

52010854.Bilde.1772575151.N
Alba og Finito - Lars Mæhle

Alba og Finito løyser mysterier saman. Pappaen til Alba er kjendisveterinær og difor er det mysterier som har med dyr å gjere dei må løyse. Det er kome fem bøker i denne serien til no, og alle startar med at pappa Truls må ut på eit oppdrag som veterinær. Alba og Finito er blant anna i Jotunheimen, på luksushotell og på Kongssetra. Mysterier for barn.

51210390.Bilde.1737065163.N
Oskar og eg: Alle tinga vi har - Maria Parr

Dette er oppfølgjaren til knallsuksessen "Oskar og eg" frå 2023. I denne boka følgjer me Oskar og Ida vidare i kvardagslivet i ein småbarnsfamilie. Det er humor, varme, alvor og alt livet inneber. Begge bøkene om Oskar og Ida er kjempefine å lese høgt for born rundt skulestartalder og opp.

51083400.Bilde.1744318485.N
Juni Jupiter og valpen som forsvant - Silje Bekeng-Flemmen

Juni er veldig interessert i planetar og solsystemet. Inni seg har ho solsystemets største storm, men ingen ser det. Så finn ho ein kvalp, som er heile åleine og Juni er den einaste som kan redde den. Spennande bok for born. 

Images.Bibliotekenes
Elly og Gustav: Minneskogen - Ludovic Villain

Teikneserie proppfull av fantasifulle og fargerike illustrasjonar. Elly og katten hennar Gustav oppdagar ein innbruddstjuv som stel eit kart. Dei følgjer spora og finn tjuven. Det er starten på ei reise gjennom skogen, minner og naturen. Magisk forteljing for born.

52279790.Bilde.1774649964.N
Norges fotballhenter: møt herrelandslagets største stjerner - Jo Evensen

Herrelandslaget skal til VM, dette er ein av mange bøker denne våren som skriv om dette. I denne boka møter du dei største, og dei nyaste, stjernene på herrelandslaget. Barndom, draumar, skader og meir. Fakta for born.

Images.Bibliotekenes (1)
Jeg elsker steiner - Kristin Storrusten

Born elskar steinar - dei er overralt, i sekken, i lomma eller under senga. Kvifor det? Og kva er ein stein? Her får du svaret på det du måtte lure på, i tillegg får du høyre om blant anna edelsteinar, pingvisteinar og runesteinar. Fakta for born.

51233912.Bilde.1739224548.X
Historier om tingene dine - Line Renslebråten

Line Renslebråten har skrive ei morosam bok om alle tinga me har rundt oss. Her får du historiar om den fyrste støvsugaren som måtte trekkast av hest (!), og du får svar på spørsmål som: "Vet du hva spiste de som godteri for 500 år siden?" og "Hva de tørket folk seg med før dopapiret kom?". Fakta for born. 

Fleire boktips