Boktips til Sommarles 2023!
![Kapittel 09](/media/33mbv11j/kapittel-09.jpg?width=500&height=200&rnd=133293119758130000)
![IMG 3304](/media/virgqixv/img-3304.jpg?width=700&height=450&rnd=133292292365300000)
Tore får ikkje bli med Preben og gjengen på telttur, for han har ikkje telt. Ein dag kjem mora heim med ei gamal krukke dekorert med eit våpenskjold. Krukka fører Tore til Skottland, der han får høyre historia om ei sprø riddarturnering.
![IMG 3303](/media/e2zn3kg3/img-3303.jpg?width=700&height=450&rnd=133292295526030000)
Dette er ein teikneserie. Han handlar om ein bjørn og ein kanin på tur, og at det er godt å vera to.
![IMG 3302](/media/hb1pwnew/img-3302.jpg?width=700&height=450&rnd=133292296417070000)
Ein dag Ellinor kjedar seg, finn ho eit kjempestort, prikkete egg i skogen. Ho tek med egget heim til trehytta si, og ut av egget kjem det ein sprell levande drage.
![IMG 3301](/media/b41lp0j0/img-3301.jpg?width=700&height=450&rnd=133292298313030000)
Prinsesse Begonia vil absolutt vera med i den store riddarturneringa, men Kongen seier nei. Det er ikkje lov for jenter.
" - skulle tro vi levde i middelalderen! roper Begonia. - Ja, men så se på kalenderen, da, sier Kongen. - Det ER jo middelalderen!"
![IMG 3300](/media/vjycpepr/img-3300.jpg?width=700&height=450&rnd=133292300267470000)
Ei spennande bok om dei fire barna som dreg til besteforeldra i Valdres. Dei eldste barna ventar seg ein kjedeleg sommarferie på garden...Det blir alt anna enn kjedeleg.
![IMG 3299](/media/rvkfjvmt/img-3299.jpg?width=700&height=450&rnd=133292301414200000)
Korleis lagar ein fyrverkeri?
Kan vi laga lyn?
Her er dei aller galaste, mest eksplosive og elleville eksperimenta!
![IMG 3298](/media/cxgk3ibn/img-3298.jpg?width=700&height=450&rnd=133292302712100000)
Billies fosterheim er eit brunt hus i Bokarp; ein plass som er så liten at Billie ikkje eingong forstår at dei er framme då bilen stoppar.
![IMG 3297](/media/lstmobtc/img-3297.jpg?width=700&height=450&rnd=133292303769000000)
Dette er historia om Basse. Han lever eit skikkeleg hundeliv. Ein dag bankar det på døra, og der står Gusto - ein gut som har noko veldig viktig å spørja om. Eit spørsmål som kan forandre alt.
![IMG 3296](/media/bjzj0okq/img-3296.jpg?width=700&height=450&rnd=133292305306600000)
Far til Kristoffer forsvann då han var fem år gamal. Sju år seinare finn Kristoffer ein nøkkel på loftet.
![IMG 3294](/media/egwhp0ko/img-3294.jpg?width=700&height=450&rnd=133292306054270000)
Korleis kan du eigentleg vite om du er blitt eit tøffare menneske?
Ein dag gir storebror til Ingeborg henne ei utfordring, ho skal gjera fire ting ho aldri har tort før.
![IMG 3293](/media/kgghpydc/img-3293.jpg?width=700&height=450&rnd=133292307383500000)
Ebba og Kråka haikar mot Norge for å leite etter Kråka sine foreldre.
På vegen får dei hjelp av ein lastebilsjåfør som ikkje kan seia R, dansebandet Nilzonz og Yvonne med sportsbil og høghælte sko.
![IMG 3292](/media/ioxf3tmf/img-3292.jpg?width=700&height=450&rnd=133292309057000000)
To dagar og ei natt utan foreldre - det blir ein tur full av spinnville hendingar, dårlege oppfinningar og ei levande spøkelseshistorie.
![IMG 3291](/media/y0qnvebo/img-3291.jpg?width=700&height=450&rnd=133292310433800000)
Mieko elskar å danse! Særleg når ho får bruke shorts og T-skjorte i staden for den dustete strømpebuksa og den trange drakta.
![IMG 3290](/media/3gtmlmue/img-3290.jpg?width=700&height=450&rnd=133292311410930000)
Noko av det beste Loke veit, er å dra på jakt med bestefar og onkel Bjørn.
I denne boka får vi vera med dei ut i skogen og lære korleis det er å vera ein jegar.
![IMG 3287](/media/4ubjkez2/img-3287.jpg?width=700&height=450&rnd=133292312373100000)
Visste du at Harald Hårfagre hadde 24 søner og ein isbjørnbaby?
At Grønland fekk namnet sitt for å lure folk til å flytte dit?
Eller at vikingane drog på silkehandel i Tyrkia?