Iblant skriv Kongen brev til Nabokongen. I breva skriv han mykje rart, og innimellom skriv han ting som ikkje er sant. Han skriv blant anna at han har ein gullstatue, fjorten påfuglar i hagen og at det berre regnar natt til måndag. Ein dag vil Nabokongen kome og besøke Kongen, då blir Kongen redd for at Nabokongen skal finne ut av det Kongen har skrive om som ikkje er heilt sant.
Dette er ei fin biletbok med typiske Kaia Dahle Nyhus-illustrasjonar. Det er ein klar storleiksforskjell på kongane, Kongen er mindre enn Nabokongen og det illustrerar godt at Kongen er redd og føler seg liten iførehald til Nabokongen.
«Skrytekongen» er ei fin bok der born kan høyre at til og med kongar kan vere redde, at det kan vere fint å dele med andre og kanskje andre kongar til og med kjenner seg igjen? Skrytinga og løgnane til Kongen blir avslørt. Nabokongen forsikrar Kongen om at det er Kongen Nakokongen vil besøke, ikkje statuen, påfuglane eller alt det andre fine og flotte på slottet.