Pride
Juni er Pride-månaden og det er tid for feiring av skeiv kjærleik og mangfald. Her kjem det boktips av og om skeive forfattarar, historiar og liv. Det er bøker for born, ungdom og vaksne og ei blanding av skjønnliteratur og sakprosa.
Torleif har flytta ut av bygda han vaks opp i og skulle aldri tilbake, men så blir goffa dårleg og han må heim og ta seg av morfaren. Ingen i heimbygda veit at Torleif er homofil, og med far og bror som er mannemenn er det ikkje så enkelt. Hardingfelespelaren Horimyo frå Japan set følelsane i sving hjå Torleif, og kjærleiken er jo størst av alt. Ei bok som set følelsane i sving!
Passar for: ungdom (og eldre)
Dette er fjerde boka om Benny, dei andre bøkene: Benny går berserk, Benny går igjen og Benny går amok er like elleville og underhaldande! I Benny går planken er han blitt tenåring og skal byrje på ungdomsskula over sommaren. Familien har reist til Gran Canaria på sommarfeire, men det blir alt anna enn avslappande. Stikkord: kidnapping og vulkan.
Passar for: 9-12 (og eldre)
Tuva, 12 år, skal starte i 7. klasse og har planane klare for at det skal bli det beste året. Ting har skjedd i løpet av sommarferien og veninnene Linnea og Bao har endra seg. Linnea har fått seg kjæraste, mens Bao synast det er det dummaste som fins - kva skal Tuva gjere? Ei varm og herleg historie om Tuva som får sommarfuglar i magen av Miriam.
Passar for: 9-12 (og eldre)
Korleis er det å ikkje føle seg heime i todelinga gut/jente? I sjølvbiografien Gender Queer fortel Maia Kobabe historia si om korleis hen fann ut av det. I puberteten merkar Maia at hen ikkje passar inn i gut eller jente, hen er litt her og der. Med humor og sjølvironi opplyser Maia oss om å vere ikkje-binær og alle hindringane språk og anna i samfunnet ikkje-binære må finne ut av. Ei viktig bok som lærer oss korleis me kan leggje til rette for mangfald i samfunnet.
Passar for: ungdom (og eldre)
Møt hockeystjerna Scott Hunter. Kaptein på New York Admirals og superstjerne. Eit møte med Kip bak smoothiedisken endrar måltørka Scott har hatt. Det er starten på ein livsendrande vår i livet til begge. Game changer er fyrste bok i romance-serien om hockeyspelarar av forfattar Rachel Reid. (Romance-sjangaren inneheld ofte eksplisitte seksuelle scener.) Det har vore ein internasjonal suksess lenge, men fekk ekstra stor oppmerksemd etter Crave/HBO-serien kom vinteren 25/26. Dei tre fyrste bøkene i serien er no oversatt til norsk, og resten kjem i løpet av sommaren.
Passar for: vaksne
Kjærligheten er fyrste bok i ein triologi om homofile under AIDS-epidemien på 1980-talet i Sverige. Den er basert på verkelege hendingar. Dette er ein hjarteskjærande, vond og ærleg forteling som verkeleg set seg i deg.
Passar for: vaksne
Luca har deltatt i det offentlege ordskiftet rundt trans lenge. Han har laga ei historie som passar for offentlegheita, ei for framande på fest, ei for legane og ei for familien for å slippe å brette ut heile livet sitt for alle og einkvar. I denne boka får me Lucas historie, kraftfull og personleg. Her får du ny kunnskap om kjønn, struktrurar og kanskje om deg sjølv og eigne mønstre.
Passar for: vaksne
Lindstad tar oss med til etterkrigstidas skeive verden i Paris. Det er ein essaystisk dokumentarbok og Lindstad blandar det verkelege frå arkiv, brev og dagbøker med sine eigne tankar - noko som binder boka godt saman. Ho skriv om blant anna Tove Jansson, James Baldwin og Gunvor Hofmo, og fleire av dei møter me fleire gonger sidan dei hang saman. Interessant om menneska som braut med normane for kjønn og seksualitet på den tida.
Passar for: vaksne
Sunde fortel her om oppvekst, studietid og vaksenlivet. Ho blei kjend i heile Noreg i 1997 då ho blei permittert frå jobben som prest etter å ha inngått partnarskap med Eleanor Brenna. Masse motstand, men endå meir kjærleik mottok paret under permitteringa som varte i halvannan år. Sunde-saka var med å endre både norsk kyrkjes historie samt skeiv historie. Sunde fokuserar på kjærleiken - kjærleiken til Eleanor og kjærleiken til kyrkja.
Passar for: vaksne