Boktips

Populærmusikk fra Vittula

Populærnusikkfravittula
ForfattarMikael Niemi
Omtalt avMarianne Riste, Vang folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

«Populærmusikk frå Vittula» skriven av Mikael Niemi er inspirert av hans eigen oppvekst på 1960- og 70-talet i Pajala i Tornedalen i dei svensk-finske grensetraktene.

Niemi er ein meister i overdriving og boka er ei frisk lesaroppleving som vann Augustprisen då ho kom ut i 2000.

Her får du historier fortalt med frodig og utilslørt språk; kanskje er ikkje alt like godt eigna for sarte sjeler. Eg las boka då ho kom på norsk i 2001, og likte ho veldig godt då.

No har eg lese ho opp att og ler like godt, grøsser like ille og blir like flau på vegner av karakterane i boka som for 20 år sidan.

Gjennom 20 kapittel føljer vi Matti og hans tause kamerat Niila frå dei møtast som smågutar i sandkassa til dei er i slutten av tenåra. Dei veks opp i eit strøk som blir kalla Vittulajänkkä i ei tid då Sverige opplever økonomisk oppgangsbølge, men folka framleis kjenner seg fattige.

Vi blir med når gutane mellom anna blir blåst over ende av rockemusikken, oppdagar jenter, blir vaksne i badstua og når Matti tener pengar på å fange rotter, uhorveleg mange rotter.

Boka vart filmatisert i 2004, så om du vil ta lettvintvarianten kan du jo sjå den. Men då går du glipp av dei fargerike og levande skildra historiene om t.d. kva dryge gutestrekar som vart nytta i dei lange hevnkjedene og kåring av badstuhelt i bryllaup, for å nemne eit par.

Filmen er bra, men boka er betre.

Skal du lesa ei bok i sommar, ta med deg denne, trass i faren til Matti si meining om lesing:

«Men det farligste, det han aller mest ville advare mot, den enkeltfaktoren som alene hadde sendt skarer av unge stakkarer inn i galskapens skoddeheim, var boklesingen. […] Den første boka ledet til neste, som ledd i en kjede som førte lukt ned i sinnssykdommens evige natt. Man klarte rett og slett ikke å slutte igjen. Det var verre enn narkotika.»

God lesesommar!

Fleire boktips