Av ein grunn som me ikkje skal avsløre her, er pappaen til Nora svært skeptisk til insekt, og vil ikkje ha med seg desse i skuta han fyller når klimaendringane tvingar familien og dei andre i den vesle bygda til å evakuere ut på havet.
Men dottera Nora er minst like sta som far sin, og gjennomfører sin eigen plan. Det blir etter kvart svært dramatisk ute på havet, men enden på forteljinga er varm og god.
Noras ark av den erfarne barnebokforfattaren Endre Lund Eriksen kom i 2025, og har allereie rukke å bli selt til fleire land. Historia har også vorte til ein kritikarrost animasjonsfilm som nyleg fekk prisen for beste kortfilm i Barnefilmfestivalen i Kristiansand.
Boka står på langlista til Bokslukarprisen 2026 og me håpar mange ivrige lesarar vil kaste seg over ho. Noras ark fungerar også som høgtlesingsbok, og er fint illustrert av Linde Faas.
For barn ca 6 til 12 år.